Nordstrandsløpet på søndag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Sep 2018



Søndag 30. Sept. vert det årlige Nordstrandsløpet arrangert, med Fjellhug/Vereide Il som tilskipar.

Dette er også siste løpet i Nordfjordkarusellen, og dermed vil det bli premieutdeling for karusellen etter løpet. Konkurranseklassen startar kl 16.00  Trimklassen går ut mellom 15 og 15.30.

Løypa har som vanleg med start frå Nordfjord Folkehøgskule, og går inn vegen mot Sandane, der ein snur på Hauge, og tek same veg tilbake.  Løypa er totalt 6,7 km, med ein flat og fin løypeprofil.

Alle frå 12 år og oppover kan delta i konkurransen.  Aldersklassane er 12-15, 16-18, 19-22, senior, og veteranklassane.  Det vert premiering på loddtrekking, samt medaljer til alle som fullfører.  

Nordfjord Folkehøgskule er medarrangør på løpet, og Nordstrandsløpet har alltid hatt ei fin ramme og stor stemning.  Det har elevane på skulen sytt for.  Dei plar også stille med mange deltakarar.

Det går mot slutten av ein sesong der Fjellhug/Vereide IL har hatt mange arrangement.  Laurdag 6. oktober går det siste, nemleg Gloppen Halvmaraton.  Idrettslaget håpar på god deltaking på begge desse to siste arrangementa.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline