Gode støttespelarar for Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Okt 2018

Premiering til løparane er litt viktig på eit arrangement som Gloppen Halvmaraton.  Difor set vi pris på å bli godt mottekne når vi spør næringsliv og bønder i Gloppen om noko som egnar seg til løparpremiering.  Med mange klassar, og ikkje altfor mange i kvar klasse, har vi funne at ei sosial premiering, der vi trekkjer premiar på startnummer og ikkje ut frå prestasjonar, er det rette for oss.  I tillegg får alle ein medalje for deltakinga.

Eit lite unnatak frå den sosiale premieringa har vi:  Beste tid i herre og dame-klassen skal få premie for innsatsen sin!

Vi vil framheve dei som har gjeve premiar.  Først og fremst Gloppen Hotel, som spanderer overnatting for to, med tre-rettars middag til ein heldig løpar!  Tusen takk til hotellet vårt!



Tusen takk også til desse:















Også stor takk til desse premiesponsorane, som ikkje har logo, men som er like viktige for det:

Daniel Dyrnes (frukt)

Børre Tystad (frukt)

John Elling Vereide (frukt)





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline