Kan du vere med?

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Okt 2018


                                  (arkivfoto!)


24.-25. november blir det arrangert trenar-1 kurs i friidrett her i fylket. Dette er første gong på svært mange år at ein har denne moglegheiten i eige fylket, vanlegvis må ein ha kryssa fylkesgrensene for å få denne kompetansen. 

Kurset går over to helger, dette er første del. Del 2 blir i første del av 2019. 

 Datoane er november er fastsatt, dei andre rammefaktorane er ikkje heilt avklart p.d.d. Sender likevel ut denne informasjonen no, slik at alle aktuelle kan setje av denne helga. Klarar vi ikkje å fylle opp kurset (minimum 12 deltakarar), kan det i verste fall gå like mange år til vi får sjansen igjen.  

 For å vere kvalifisert til kurset treng ein kurset «friidrett for barn» eller aktivitetslederkurs, i regi av friidrettsforbundet eller NIF. Eit slikt aktivitetsledarkurs i regi av Idrettskrinsen blir også arrangert i Førde 19.-20. oktober om det er aktuelt: https://www.idrettsforbundet.no/idrettskretser/sogn-og-fjordane-idrettskrins/kalender-sf1/aktivitetsleiarkurs-barneidrett/

 

Asgeir Årdal

dagleg leiar Sogn og Fjordane Friidrettskrins

 





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline