Innandørsstemne i Trivselshallen - INNBYDING

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 17. Des 2018



Fjellhug/Vereide IL og Sandane T&IL har gleda av å innby dykk til innandørs friidrettsstemne i Trivselshallen på Sandane.

Dato: Laurdag 19. januar  kl 13.00 

Klassar:  Gutar, jenter, menn og kvinner, 8 år (f. 2011)  og eldre  

Øvingar:  60 m m/ elektronisk tidtaking. Lengde, høgde og kule. Gutar/jenter 8-9 år: Liten ball i staden for kule:

Startpengar pr. øving: kr 60,- til og med 12 år (2006), og kr. 90,- for dei som er eldre.  Kontonummer startpengar (betalast samstundes med påmelding): 3705.33.01917

Alle som er fødd i 2006 eller tidlegare må ha heilsårslisens

Premiering: Deltakarmedalje til alle.

Kiosk i foajeen i hallen.

NB! Benytt høvet til å prøve det fantastisk flotte badeanlegget, Trivselsbadet! Ekstra godt tilbod til dei som deltek på stemnet, eller er med deltakarane: Gruppeprisar på billetten: Alle, vaksne som born betalar kr 60,- pr. person. Ein får billettar hos arrangøren.

Påmelding til Dagfinn Nyhammer på epost  dagfinn.nyhammer@enivest.net   innan torsdag 17. januar kl 20.00. 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline