SKIKARUSELL 2019

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jan 2019

SKIKARUSELL 2019

Vi har hatt møte i skigruppa, og då sette vi opp desse datoane for sikarusell i januar. So ser vi kor det går, og set opp i februar etter kvart. Planen er å ha 4 renn + Lagsmesterskap. Det er også Kleivanerenn, det er ope for 8 år og oppover, og alle som vil kan vere med. Då kjem det deltakarar frå resten av fylket og.
Vi har sett opp på forskjellige dagar,då vi veit at det alltid kolliderar med andre aktivitetar. Men då har alle sjans å prioritere den eine dagen.
Renna blir i fristil og det blir premie etter kor mange renn ein har vore med på. Startpengar blir kr 50.- pr start.

Men vi treng hjelp av dokke foreldre! Det har fungert kjempefint i fleire år, so det satsar vi på i år og.
Det er ikkje vanskelege oppgåver, so alle kan hjelpe til.

På kvart renn treng vi 3 stk til å bake kake( platekake) og dele ut saft.
2-3 stk til å hjelpe til å skrive tider i mål. Kanskje nokre løypevakter....

Fint viss de kan melde dokke her, so skal eg sette opp ei liste for kvart renn.

Karusell Onsdag 16.januar: Start kl.18.00
Karusell Søndag 20.januar: start kl. 13.00
Karusell Torsdag 31.januar: Start kl.18.00

Kleivanrenn søndag 3.februar start kl.12.00.







Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.