Kleivanerennet - med resultat.

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Feb 2019


Kleivanerennet, som også er Fylkesbankcup for dei over 11 år, vart avvikla på Kleivane søndag 2. februar.  Nokre snøbyger i starten gjekk etter kvart over til sol og godver, og det var eit par trivelege timar på Fjellhug/Vereide sitt skisenter.

Heile 145 deltakarar stilte opp, og arrangørstaben, med Astrid, Anne Britt, Jonfinn, og resten av dei faste funksjonærane, hadde god hand om arrangementet.  På mindre enn to timar hadde ein alle i mål, og premieane utdelte.

Resultatliste Kleivanerennet 2019.xlsx




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline