O-gruppa blir ei "sovande gruppe"

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019


O-gruppa har hatt liten aktivitet siste åra, og slit med rektruttering. På årsmøtet var det lagt fram eit forslag om at O-gruppa burde gå inn som ein del av friidrettsgruppa.  Forslaget hadde vore diskutert i styremøte, der ein heller ønskte at gruppa kunne halde fram som ei "sovande gruppe", med kun ein tillitsvald.

Dette forslaget vart samrøystes vedteke av årsmøtet, noko som betyr at O-gruppa består, og framleis er tilknytta krins og forbund, men med den praktiske konsekvensen at aktiviteten er lagt ned for ein periode.  

Vidar Eide held fram som åleine-tillitsvald i "gruppa".




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline