SFE Motbakkekarusell også i år

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 20. Mar 2019




Vårt alltid tilstadeverande energiselskap Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil også i år vere med å arrangere SFE Motbakkekarusell.  Det set vi stor pris på, og vi håpar alle som er innom trening og energibruk i det fri set pris på at vårt lokale energiselskap i Sogn og Fjordane støttar opp om arrangementa vi har.

SFE Motbakkekarusell omfattar i år 

  • Molda Opp i Svelgen (Svelgen Il), løpsdato 15. juni
  • Svinestranda Opp, Sandane (Fjellhug/Vereide il), dato 23. juni
  • Trollenykjen Opp, Nordfjordeid  (Eid il), 30. juni
  • Troda Opp, Davik (Davik il)

Alle desse løpa går sjølvsagt som sjølvstendige arrangement, men til slutt premierer vi (ved loddtrekking om pengepremiar), dei som har vore med på 3 av 4 løp.  Det gjeld både konkurranseløparar og mosjonistar.

Kvar arrangør syter såleis for å informerer/reklamere for sine løp, og vi vonar at det vert mange som blir med på minst tre av løpa slik at vi får god deltaking i karusellen.

TAKK TIL SFE - BRUK DEI GJERNE SOM DIN STRAUMLEVERANDØR.  DEI STØTTAR DEN LOKALE IDRETTEN!





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline