KM terrengløp nærmar seg

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 31. Mar 2019



Laurdag 13. april kl 15.00 arrangerer Fjellhug/Vereide il igjen KM terrengløp i Åsen.  

Dette er etter kvart vorte eit innarbeidd arrangement, som dei seinare åra har hatt rimeleg god deltaking.  I fjor deltok såleis god og vel 50 løparar i barke- og grusløypa i Åsen.

Området har etter kvart utvikla seg til ein veleigna arena for slike arrangement, med grillhytta og eit snart ferdig servicebygg som i alle fall frå neste år vil vere ein god base for også idrettsarrangement.  

I år er det sett opp eit mobilt toalett i området, slik at "nødvendige ærend" kan gjerast utan å måtte dra til næraste bensinstasjon...

Innbydinga finn du her: Innbyding KM terrengløp 2019.docx   


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline