Laurdag 5. oktober: Klart for nytt Gloppen Halvmaraton!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Sep 2019


Laurdag 5. oktober kl 14.00 går startskotet på Gloppen Halvmaraton.  Vi håpar og trur på god deltaking også i år, sidan vi reknar med at rykta om gode tider i ei kontrollmålt løype har nådd mange.

Er det nokon som ønskjer å starte ein 30 minutt før hovudfeltet, er det opna for det.  Kan vere aktuelt for dei som reknar med at dei vil nytte i overkant av to timar på turen. 

Garderobane er i Trivselshallen, dei er opne fram til kl 17.00.


I fjor vart det sett mange årsbeste tider og personlege rekordar, og kan det bli mange nye gode tider i år.

Starten er i Sandane Sentrum (ved Idrettsplassen), og løypa går på RV615 langs Gloppefjorden, forbi Rygg, som ein passerer etter 7 km.  I og med at løypa går langs fjorden er den rimeleg flat, der høgste punktet er 12-15 m over havet. 

Også i år:  TRIMKLASSE, DISTANSE 10 KM.  START VED IDRETTSPLASSEN KL 13.30, VENDEPUNKT 400 m FORBI KYRKJA PÅ ARNESTAD.   PÅMELDING FØR KL 13.00. 

NYTT I ÅR:  MINI-HALVMARATON (2109 M) FOR 10-15 ÅR. DEN GÅR RUNDT BANA PÅ iDRETTSPLASSEN (5 RUNDAR + 109 m). Medaljer til alle, påmelding innan kl 13.30.

Halvmaraton: Arrangøren har fine premiar å by på, mellom anna overnatting med 3-rettarsmiddag for to på Gloppen Hotell! Elles er det mellom premiane kortreiste produkt frå Gloppen (fruktkassar, bærprodukt, kjøttprodukt, m.m.) og andre fine ting. Medalje til alle som fullfører!

Påmelding finn de her: https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=266895&fbclid=IwAR1YMDJeKvsPuvbQht6NE5REID3tom9JTDAgKe3f3hUqwX7vmbPGxjJprz4

VELKOMNE TIL SANDANE, OG GLOPPEN HALVMARATON!

Facebookside:  https://www.facebook.com/group...


NB: Påmeldingsfristen for påmelding via internett (påmeldingssystemet er forlenga, men frå torsdag kl 20.00 vert startkontingenten på halvmaraton auka til kr. 300,-


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline