Vel blåst! Miniturnering i handball 08.02.20

Postet av Janne Katrin Føleide den 8. Feb 2020

Mange flotte ungdommar som dømde kampar i dag. Her representert ved Peder Andreas, Elisabet, Eline og MalinVel blåst!

Handballgruppa i Fjellhug/ Vereide tok imot spente spelarar frå åtte stader i Nordfjordregionen laurdag 08.02.20. Det vart ein flott dag i Trivselshallen, med yrande handballglede for spelarar i 6- 8 års alderen.

Handballgruppa stilte med kiosk og lotteri.

Takk til alle spelarane for strålande innsats!

Takk til dei som sponsa oss denne dagen: Olav Hjelmeset A/S, Rema1000, Accountor, Trucknor, Bano, Nordfjord Laks og Olden.

Takk til dei mange flotte ungdommane som stilte som dommarar.

Takk til foreldre som stiller på dugnad- de gjer ein viktig innsats både for klubben og for barna dykkar når de stiller på slike dagar.



2 Kommentarer

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline