TELENOR-SKIKARUSELL

Postet av Astrid Fjellestad Hauge den 23. Feb 2020

TELENOR-SKIKARUSELL TYSDAG OG TORSDAG
Endeleg er det kome so mykje snø på Kleivane, at vi må prøve å få arrangert karusellrenn. Dette er lavterskel renn, der alle kan delta.
Løypene er enkle og varierer på lengde alt etter alder.
Klasser: 7 år og yngre kort løype, 8-10 år ca 1 km, 11-12 år 2km, 13-14 år 3km og eldre 5-10 km.
Alder er antal år i 2020!

Det blir premieutdeling når sesongen er over, og då får alle premie uansett kor mange renn ein har vore med på. Ynskjer alle velkomne til skikarusellrenn.


Vi set opp to renn denne veka, tysdag 25/2  og torsdag 27/2  Kl.18.00 begge dagar.

Men vi treng hjelp frå Dokke foreldre/besteforeldre/andre til å bake kaker, dele ut kake/saft, tidtaking mm.
Send mld til Astrid Fjellestad Hauge eller meld dokke her. So set vi opp lister.

Det blir påmelding på førehand og betaling med vipps, slik som ifjor, då går det mykje raskare å få ut startnr på Kleivane. 
----------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------------
Tysdag 25/2 kl.18.00  Fristil alle klasser.
Pm til Astrid Fjellestad Hauge innan tysdag kl. 15.00. Det er mogleg å melde seg på på Kleivane til kl.17.30.
Alle må hente nr i skihytta før 17.45.
Kr.50.- pr stk, bet med vipps 82867 evt kontant på Kleivane.

Saft og kake til alle ved målgang.


Minner om p-avgift på kr.50.- på Kleivane


Ynskjer alle velkomne


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline