Ny fin karusell kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Ski den 2. Mar 2020

Ny fin kveld med Telenor karusell på Kleivane.

120 deltakarar er ny rekord i år.
I kveld var det mildt og vindstille, og det var god stemning blant folket.

Eit gnistrande føre var det og. So litt knall og fall vart, men med god kake og varm saft vart falla fort gløymde.
Med det gode føre, var det mange som sette ny pers og var veldig fornøgde.

Vi håpar snøen held seg ei veke til, jalfal, for då vil vi prøve med 4.rennet onsdag 11.mars. Men det kjem vi tilbake med info seinare.

Takk til alle som hjelpte til i kveld og.


Listene kjem etter kvart.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline