Svinestranda Opp 2020 er avlyst

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Mai 2020


Så er avgjerda teken: Vi må avlyse Svinestranda Opp 2020.  

Hovudgrunnen er sjølvsagt reglane rundt arrangement og koronasmitte; det er litt problematisk med fellesstart og meteravstand mellom deltakarane på start og tidleg i løpet. I tillegg er det heller ikkje enno opna for å nytte garderobar/dusj. Det tredje momentet i desse tider er at vi er usikre på om deltakarar ville stille på, så tett oppunder dei restriksjonane vi har levd med no.

Noko anna, som ikkje har noko å gjere med korona, er spørsmålet om snøforholda i fjellet.  Pr. no ligg det veldig mykje snø, og siste vekene har det snarare auka enn minka pga kulden. Dette er eit tillegsmoment for at vi no vel å avlyse arrangementet.

Vi håpar at motbakkeutvalet i NFIF overfører alle dei avlyste NorgesCup-løpa til neste år.  Då får vi tru at tilstandane har normalisert seg, og at vi kan arrangere Svinestranda Opp slik vi tidlegare har gjort det i 15 år.

Vi er også glade for å ha hovudsponsorane med oss; i staden for løpa i 2020 og 2021, får dei no 2021 og 2022 inn i avtalen (saman med Gloppen Halvmaraton 2020 og 2021). Dette gjeld:

Frydenbø Bil , BANO, Sparebanken Sogn og Fjordane, Accountor,  Nordfjord Laks  Takk til desse!



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline