3. oktober er det klart for "Prøve-NM" Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Jul 2020

(foto: Svein Hjelmeset)

Som dei halvmaraton-interesserte har fått med seg, vil neste års NM bli arrangert på Sandane, som Gloppen Halvmaraton.  Det blir spanande!

Vi reknar difor med at mange vil prøve løypa i år, for å vere godt budde til 2021.  Påmeldingane er i alle fall byrja å kome inn: Aldri har vi hatt 15 påmelde tre månader før start :-)  !

Det er eit spesielt idrettsår i år, med koronareglement som overstyrer veldig mykje av det vi er vane med. Det er i alle sin interesse at vi respekterer og følgjer desse bestemmelsane, og dei er nok også etter kvart velkjende.  Her er dei viktigaste, som får praktisk betydning for Gloppen Halvmaraton:

  1. 1)  Det vert ikkje høve til etterpåmelding. All påmelding skal gjerast via påmeldingslinken som de finn via mosjon.friidrett.no 

  2. 2)  Det vert oppsett startheat.  Dei startar med 2 minutt mellom kvart heat.  Kvart heat er på max 25 løparar. 

  3. 3)  Vi seedar heata, slik at dei antatt beste startar først.  Det er difor viktig at de oppgjev årsbeste/ fjorårsbeste ved påmelding. 


        4)  Vi har kun lov å dele ut flaskevatn på drikkestasjonane. Drikkestasjonar ved 6,5 km, vending ved           10,5 km og ved ca 14,5 km

        5)  Hald avstand, hugs 1m-regelen!  Handvask (Antibac) finn ein i start/målområdet.  Pga                               koronareglane vert det ikkje den vanlege premieringa, men deltakarmedaljer blir levert ut saman                 med  startnr.  Gloppen Hotel er også ein hyggeleg sponsor å ha med: Dei set opp overnatting for to             personar inkludert tre-rettars middag for ein heldig vinnar!


Link til påmeldingsside:

https://mosjon.friidrett.no/participant/arrangement.aspx?id=302766#init 










0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline