Koronabestemmelsane under Gloppen Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 30. Aug 2020

Slik blir ikkje starten i år.  Pga koronabestemmelsane blir det sett opp heat på 24-25 løparar i kvart heat.

Ei lita oppsummering av (Korona-)regelverket som gjeld for mosjonsløp

Viktigast av alt: Vask hender (Antibac, såpe og vatn), og hald 1-metersregelen!  Fysisk kontakt mellom deltakarar eller mot funksjonærane skal ikkje finne stad.

Så til spesifikke reglar som NFIF har bestemt, og som vi som arrangørar kjem til å følgje:

  • Maks 200 på arrangementet (Vi har sett tak på 160 løparar)
  • Du får ikkje delta om du har teikn til/mistenkjer smitte
  • Garderobar og dusjanlegg kan ikkje nyttast for tøyskifte og dusjing
  • Toalett, og mogelegheit for handvask er tilgjengeleg for deltakarane i STIL-Stova og Trivselshallen.

 

  • Vi må avvikle arrangementet med oppsetting av heat.  Heata skal vere på maks 25 løparar i kvart heat.   Deltakarane startar frå eit oppmerkt rute-felt, som sikrar minst 1 m mellom løparane.  Det vil bli laga til to slike felt, slik at dei som startar i neste felt stiller seg opp i ventefeltet først, og flyttar fram i startfeltet når første felt har starta.
  • Startavstand mellom heata: 1 eller 2 minutt (vert bestemt seinare)
  • Dei beste løparane startar i første heat, heata blir rangert etter oppgitte bestetider
  • Løparane skal også halde 1 m avstand i løypa (ved passering/møting/»ligge på hjul»)
  • Informasjon om oppmøtetid og starttid vert kunngjort på arrangøren sine heimesider  http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton
  • Drikkestasjonar: Vert servert innkjøpt flaskevatn, frå drikkebeger
  • Det blir plassert ut antibac i startområdet
  • Det vil truleg ikkje bli kiosk-sal

 

  • Påmelding: Skal skje via nettet innan fristen, og det vert ikkje høve til etterpåmelding https://mosjon.friidrett.no/terminliste
  • Startnummer og nåler:  Vert laga til i deltakarkonvoluttar på førehand, og skal personleg hentast i sekretariatet.
  • Premiering:  Ein deltakarmedalje vert lagt saman med startnummer i deltakarkonvolutten
  • Anna premiering:  Det vert premiering til klassevinnarane, overlevert på koronsasikker måte. Hovudpremien, overnatting og middag for 2 på Gloppen Hotell, vert trekt ut på startnr.

 

Parkering:  Parker ved Trivselshallen, eller ved Firda Vgs, så lang det er plassar der.

Området der vi har start og mål, er romsleg.  Vi oppfordrar difor alle deltakarane å utnytte dette rommet. 

Arrangement i år skal stort sett vere utan tilskodarar.  Vi ber difor evt. publikum og medfølgjande om å halde seg utanfor det oppmerka området som vi definerer som konkurranseområdet/arena/stadion.  Her må evt personar forholde seg til dei generelle reglane for sosial distanse (1-metersregelen for alle som ikkje bur under same tak).

Vi oppfordrar sterkt løparar og medfølgjane personar å tenkje smittevernreglar.  Både fordi vi vi vil ha eit godt og korrekt arrangement, men ikkje minst fordi vi ønskjer at alle skal ta godt vare på kvarandre, og kome heim att utan corona.  Dette året er spesielt – det kjem nok betre tider der det vert høve til både handhelsing, gratulering, og klemming.  Og ikkje minst å få ein dusj etter løpet!

 

LUKKE TIL, OG PÅ GJENSYN UNDER NM HALVMARATON I 2021!

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline