Informasjon til deltakarar og medfølgjande

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 13. Sep 2020


Informasjon og køyrereglar (korona-tilpassa) under Gloppen Halvmaraton

 

  • Parkering:  Ved Firda vgs (tilkomst Firdavegen) og ved Trivselshallen  (tilkomst Gotavegen v/ Bunnpris).  Gangveg mellom Trivselshallen og Idrettsplassen/STIL-Stova.

 

  • Startområdet og området som vi definerer som arena:  Området vert merka med sperreband som vert sett opp langs Firdavegen mot vgs, og ned bakken mot bana.  Idrettsplassen, med løpebane, STIL-stova og plassen framfor STIL-Stova er arenaområdet for Gloppen Halvmaraton

 

  • Maks. tal personar:   Løparar og medfølgande skal maks vere 200 under arrangementet.  Funksjonærar er utanfor dette talet.  Innanfor arenaområdet vårt (sjå over) skal arrangøren ha full oversikt over kven som er der i det tidsrommet vi arrangerer.  Løparar og funksjonærar har vi oversikt over på førehand, alle andre må førast i lister med namn og telefonnummer. 

 

  • Påmelding:   Alle skal vere påmelde innan fristen.   Startnummer, nåler og deltakarmedalje er pakka i konvolutt som vert utdelt før start.  Dei må hentast i god tid.  Du finn startnummert ditt på oppslag, og informere dei som deler ut startnummer om det.  Startliste med nummer vert også lagt ut på heimesida http://www.fjellhugvereide.no/p/22449/gloppen-halvmaraton

 

  • Start:  Seeda heat, maks. 25 løparar i kvart heat. Dei best seeda startar først.  1 minutt mellom kvart heat.  Hovudstart kl 14.00.  Alle med over 2 timar som estimert slutt-tid startar kl 13.00.  Her vil også vere nokre med oppgjeve slutt-tid på 2:00  i heatet.  Dei 25 første stiller seg i oppmerka felt 1-25, medan neste heat gjer seg klar. Når starten er gått, går løparane i neste heat fort inn i oppstillingsfeltet for start.

 

  • Startnr-system:   Start kl 13:  Start nr 1-25.  Start kl 14.01: Startnr 101-125. Start kl 14.02: Startnr. 201-225.  Start kl 14.03: Startnr. 301-325.  Osv…

 

  • Premiering:   NFIF sitt koronareglement anbefalar minimal/inga premiering.  Gloppen Halvmaraton vil gje klassevinnarane  premie.  For å vere i tråd med reglane om sosial distanse, vil premiane bli sett fram på eit bord, der vinnarane blir ropte opp, og kjem fram og hentar dei sjølve.  Nokre premiar vil bli trekt ut på startnummer, og overrekking blir på same måte.

 

  • Toalett:   I STIL-Stova (startområdet) og i Trivselshallen, (i garderobe 6 for menn og i garderobe 5 for kvinner)

 

 

  • Drikkestasjonar: I løypa: Etter ca 5, 10 og 15 km, og i mål.  Arrangøren har ikkje lov til å servere anna enn innkjøpt vatn.  På drikkestasjonane og i mål vert vatnet tømt opp i beger, og løparane må forsyne seg sjølv frå bordet med beger.

 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline