Møte i friidrettsgruppa

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 10. Feb 2021

                 Denne løpebana skulle absolutt ha vore rehabilitert, men slik ser det ikkje ut til å gå...


Friidrettsgruppa har hatt gruppemøte, med oppsummering av året som gjekk, og tankar om kva aktivitet og stemne vi skal ha i 2021.

Gruppa held fram med same mannskap, og for gruppeleiaren er det kjekt å konstatere at alle er med vidare.

2020-aktiviteten har naturleg nok vore prega av koronapandemien, men ikkje i så stor grad som kanskje på andre område.  Vi hadde trening for dei yngste vår og haust 2020, og vil til våren prøve på det same, med Vereide som utgangspunkt.  Det var godt oppmøte i fjor vår, og om ikkje vi har noko godt treningsanlegg, kan ein finne på ein del ting likevel.  Idrettsplassen på Sandane er ikkje i stort likare forfatning.

I 2020 har vi jobba med å få planlagt ei oppgradering av løpebana på Vereide. Der har vi til dei grader møtt veggen, i form av kontant avslag frå fylkeskulturminneavdelinga i Vestland. Dei hevdar til og med at vi for framtida ikkje får bruke løpebana som den ligg i dag. Grunnen er tre gravrøyser som ligg under bana. Anke har ikkje ført fram, og no er den sendt vidare til Riksantikvaren. Det betyr i praksis at friidretten er utan treningsanlegg på Nordstranda. 

Når det gjeld stemnearrangement, vil det bli dei same som vi har hatt siste åra, med KM terrengløp, Svinestranda Opp, Gloppen Halvmaraton og Nordstrandsløpet.  Vi kjem også til å terminfeste eit par treningsstemne, som i praksis vil bli haldne saman med STIL.

Gruppa må også få gje rosande omtale til eit knippe næringsdrivande som deltek i ein to-årig sponsorpakke som omfattar Svinestranda Opp 2021 og 2022, samt Gloppen Halvmaraton 2020 og 2021.  Vi hadde fått tildelt NM Halvmaraton 2021, men NFIF har utsett dette eitt år.  Vi synest det er rimeleg at bedriftene får også dette med, sidan det var førespegla i sponsoravtalen. Dei får såleis eit arrangement ekstra som bonus. Det er kjekt å kunne gje dei dette, sidan vi alltid møter velvilje i kontakten med dei. Bedriftene som er med i avtalen, er:

Frydenbø Sandane, BANO, Accountor Sandane, Nordfjord Laks, Sparebanken Sogn og Fjordane, SFE 




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline