Harald Gjengedal er død

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Apr 2021

Den triste meldinga om at Harald Gjengedal (f.1956) er død, las vi i media i dag.  Harald var ein av dei beste utøvarane vi har hatt i Fjellhug/Vereide gjennom tidene, ja truleg den aller fremste.  Han har 4 norske seniormeisterskap på rad på 400 m hekk, og var også juniormeister på same distanse. Han deltok også i 12 friidrettslandskampar gjennom karriera. 

Harald hadde også krinsrekorden for Sogn og Fjordane på spesialdistansen i 32 år.  For Fjellhug/Vereide IL var han ein solid ankermann på det gode 1000 m stafett-laget vi hadde på rundt 1980. Krinsrekorden til laget som Harald var med på, vart sett i 1979, og stod i 11 år.

Harald vaks opp i ein familie der alle var interesserte i idrett. Saman med onkelen, Håkon Lundestad, som trenar, utvikla han talentet gjennom solid og god trening.  Han flytta tidleg til Bergen, der han etter endt utdanning fekk jobb som tannlækjar på Garnes.  Han har også jobba som spesialtannlækjar ved odontologisk klinikk (UiB), og i 2012 disputerte han for doktorgrad ved Universitetet i Bergen.

Harald var alltid ein blid, hyggjeleg, og interessert mann å møte. Hans gode latter, og vinnande vesen vart sett pris på av dei som møtte han.  At han no er gått bort, etter ei tid med sjukdom, er svært trist for alle som har kjent han.  Vi er likevel veldig glade for at vi rakk å ha ein lang og god prat med han for halvtanna år sidan, eit intervju som kjem i jubileumsboka til Fjellhug/Vereide om 4 år.

                                                                                          Dagfinn Nyhammer

(biletet er henta frå Alkunne, Harald Gjengedal - Allkunne 



0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline