Dagfinn Kaspar Nyhammer

Dagfinn Kaspar Nyhammer

Fjord-o Vest

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 24. Aug 2014

Fjord-o Vest vart i førre veke arrangert i sogn og Fjordane med fleire løparar frå Fjellhug/Vereide på startstrek i dei ulike løpa.
Dette er det som tidlegare heitte Nordvestgaloppen. Det vart arrangert 4 orienteringsløp i fylket, mellom anna på to nye spektakulære plassar for o-løp, Værlandet og Bøyadalen i Fjærland, i tillegg til dei meir tradisjonelle orienteringsterrenga i Kråkenesmarka og Langeland. Det var over 700 deltakar frå 13 nasjonar med i denne massemønstringa. Oda Eide, Else Margrethe Larsen og Vidar Eide deltok på alle løpa med varierande hell. Oda fekk ein 7.plass som beste resultat i klasse D17A kort. I denne klassa var det i overkant av 20 deltakarar. Else Margrethe plasserte seg som nummer 3 i eine løpet i klasse D50A kort (10 delt.) Vidar hamna midt på treet dei fleste dagar og vart nummer 15 samanlagt av ca 30 i klasse H50. Magnus Eide deltok på to løp i klasse H13-14, og Magnar og Ingvild Slagstad var med på siste løpet i Fjærland og sprang løype A-direkte, der Magnar gjekk sigrande ut av syskenduellen.
04.08.2014 22:00



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline