Styremøte i Fjellhug/Vereide i kveld

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 27. Aug 2014

Fjellhug/Vereide hadde styremøte i kveld, på Nordstranda Skule.  Det var frammøte frå alle gruppene.


Saker:

Treningstider:  Gruppene melder inn behov til Trivselshallen v/ Ola Tarjei Kroken
Styrekurs:  Dette er 3 timars gratiskurs.  Dette kan vere aktuelt, leiar sjekkar ut
Søknadsskrivingskurs:  Idrettsrådet bør organisere/invitere til søknadsskrivingskurs.  Sparebankstiftinga er kursansvarleg.

Nytt frå gruppene:
Barneidrett: I gang med planlegging av ny sesong.  Leige av skulen.  Er avhengig av trenarkrefter.  Startar opp etter haustferien.
Handball: Planlegging av ny sesong.  Har vore med på beach-handball i Breim. Terminlistemøte med krinsen.  Færre lag med i år, lite med jenter.  Samarbeid med andre klubbar.
Volleyball: Herrar er i 3. divisjon, trenar Øyvind Indrebø.  Damer er i 2. div., trenar Ragnhild Gimmestad.  Ein har også aldersbestemte lag. Ønskjer å starte treninga fortast mogeleg, kampane startar snart.  Mini-volleyball-kurs.
Trimgruppa:  Annonse er komen for eit trimparti.  Gruppa bør ha eit møte for å samordne treningane.  Spesielt viktig å samordne sidan det no er betaling også i skulane.
O-gruppa: Få er med, men dei få har vore med på mykje. Fjord O-Vest hadde med 6 deltakarar frå Fj/V. På krinsløp har klubben henta seg både gull og sølv.  Arrangert Skule-sprint.  Turorientering: Dimma og Engesetåsen.
Friidrett:  Svinestranda Opp er i endring.  Skal ha møte for å diskutere framtida, og arrangementsform.  Ta Kleivane meir i bruk.  På friidrett er vi ein arrangementsklubb, og dei to siste arrangementa i år, Regionsleikar og Nordstrandsløpet, står for tur.  Startar opp hausttrening på Idrettsplassen 28. august.
Ski: På Kleivane hel dein på med nytt tak på garasjen.  Det skal lagast til tautrekk i haust, 110 m.  Ny trasse for lysløypa vart ferdig isist vinter.  Laget vil gå til innkjøp av 10 par rulleski for trening, aktuelt å søkje om midlar frå Sparebankstiftinga.


Anna:
Jannike Lindvik tek på seg å lage til eit inforskriv om aktivitetar i klubben, som skal ut til husstandane på Nordstranda.  Frist for å sende henne stoff er 15. sept.

Dagfinn orienterte om heimesida.  Gamal side skal avviklast, og den nye har vi ikkje heilt fått dreisen på enno.  Her skal vi hente litt hjelp i GFIL, som har teke ny side i bruk.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc