Løpebana på Vereide - Riksantikvaren avslår anken

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 3. Nov 2021

Vestland Fylke avslo Fjellhug/vereide il sin søknad om å få rehabilitere løpebana på Vereide.  Rehabiliteringa skulle bestå i å legge eit nytt kunststoffdekke oppå den gamle løpebana.

Idrettslaget anka til Riksantikvaren, som opprettheldt fylkeskommunen sitt vedtak.  Saka er dermed endeleg avgjort, og det er ikkje noko meir idrettslaget får gjort med dette.  Festeavtalen med Opplysningsvesenets Fond har fire år igjen, men med den store auken dei har gjort i årleg festeavgift, må idrettslaget no vurder framtida for denne avtalen.

For friidrettsgruppa er konsekvensane store. Løpebana er nedsliten, og lite attraktiv som treningsfelt.  På Sandane er ikkje Idrettsplassen i ein tilstand som gjer den brukande som treningsanlegg. Byrkjelo stadion er næraste oppegåande friidrettsanlegg for oss, med 25 km reiseveg.  

Riksantikvaren si avgjerd var ikkje det vi hadde trong for i vårt arbeid for å skape aktivitet for dei yngste på Nordstranda.  

Vedlagt ligg Riksantikvaren - Klageavgjørelse - Vereide prestegard.pdf på Fjellhug/Vereide sin anke.  


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline