Løyve til å stenge veg under NM Halvmaraton

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 9. Des 2021


Vestland Fylke, som er vegeigar av FV615, har gjeve oss løyve til å delvis stenge vegen mellom sentrum og Sande for trafikk under NM Halvmaraton.  Vegen vil bli stengd slik:

A)  Kl 14.00 - 14.30:  Stengde mellom Flølokrysset i sentrum og krysset på Fitje.

B)  Kl 14.00 - 16.00: Stenge vegen mellom krysset på Fitje og Sande. Omkøyring via øvre vegen på Sørstranda

Grunnen for at vi har bedt om, og fått innvilga søknaden, er at det for Fitjekrysset-Sande (B) er ein strekning med lite oversikt.  I og med at ein har alternativ vegtrasse på øvre Sørstranda, legg ein heller ikkje totalhindring for trafikken dei 90 minuttane akkuratdenne strekninga er stengd.

Med fløyvet frå vegeigar i hand, står det no igjen å søkje St. Vegvesen og politet, som burde gå greitt, i og med at vegeigar har gjeve oss løyve.


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline