Siste friidrettstrening før jul

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 14. Des 2021


Friidrett: Innetreninga i Trivselshallen kl 17 i kveld blir den siste før jul.  Frå i kveld kl 24 trår dei nye covidreglane i verk, og då kastar vi inn håndkledet fram til midten av januar, sidan restriksjonane gjeld i 4 veker framover.
Når det gjeld Trivselshalleikane 22. januar, vil dei gå som planlagt, dersom ikkje covid-restriksjonane blir forlenga utover dei 4 vekene som er varsla.  Etter våre berekningar skal restriksjonane vere over 13. januar, og då har vi framleis halvanna veke fram til stemnedagen. Det er lang nok tid til å førebu stemnet.
Idretten følgjer dei tilrådingane og påboda frå myndigheitene som kjem, men vi prøver også å vere såpass "på hugget" at vi kan ta ting kjapt dersom det vert opningar for det.

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline