NM-logo

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Des 2021


Logoen for NM-delen av Gloppen Halvmaraton 2022 er klar.

Ole Bent Søreide er ein kreativ person som også tidlegare har hjelpt Fjellhug/Vereide il med logoar, t.d. då vi hadde NM Kappgang i 2008 og 2010.  Veldig kjekt å ha ein person med eit idè-rikt hovud og med god grafisk kompetanse i nærleiken!

Våre natur-særtrekk i Gloppen, fjella og fjorden, er godt symbolisert gjennom den mørkeblå og lyseblå delen av logoen.

Tusen takk, Ole Bent!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline