BANO er med på laget!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Des 2021


BANO er ein viktig og god støttespelar for Fjellhug/Vereide il.  I høve NM Halvmaraton 2022, som er lagt inn i Gloppen Halvmaraton 1. oktober neste år, har BANO og Fj/V inngått ein avtale som omfattar NM/Gloppen Halvmaraton i 2022 og 2023, samt Svinestranda Opp i same tidsrom.

Når vi veit at BANO er ei fantastisk og leiande bedrift i Noreg på sitt område (produksjon av baderomsmøblar for institusjonar), og når vi veit at dei er ei bedrift i ekspansjon her i Gloppen; ja då er det veldig kjekt for oss at vi får støtte og hjelp frå dei til arrangementa våre.

Deira reklamesegl og beachflagg vil vere å sjå på desse arrangementa i dei to neste åra. Applaus for ei god Gloppen-bedrift!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline