Holvika Opp - 22 sprekingar deltok

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 23. Sep 2014


Holvika Opp er eit populært motbakkeløp for born.  Omlag like mange som i fjor, 22 frå ca 6 år til 14, var med, og mange viste imponerande uthald opp den kraftige stigninga.  Starten var på Idrettsplassen, og mål ved løa i Holvika, i alt ca 750, med ei stigning på 60-70 høgdemeter.


Raskast var, som i fjor, Håkon Hjelle Roset.  Frå Fjellhug/Vereide var Cecilie Tveit, Else Mari Nyheim, Andre og Nikolai Granheim med.  Kaker og saft på deltakarane spanderte også ein initiativrik arrangør, STIL, på deltakarane. Flott arrangement!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.