Halvmaraton på Sandane 26. okt!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 19. Okt 2014

Søndag 26. oktober prøver vi oss med ein halvmaraton på Sandane. Det er "just for fun", slik at dei som enno ikkje har fått seg ei tid på denne distansen tidlegare, kan få det. Og dei erfarne kan få seg ei flott søndagsøkt; kanskej det vert årets siste langløp for nokon?

Vi startar ved STIL-stova presis kl 13. Løypa går via elvaneset, Bukta, utover Sørstranda, og vendepunkt er eit lite stykke forbi avkøyrsla til Ivahola (gamle bossplassen).

Kom gjerne med kommentarar og ønskjemål, dette skal vi prøve å gjere så "artig" som mogeleg. Vi håpar verkeleg at her vert eit fint felt, her er plass for alle, frå mosjonistar til dei meir trena.

Sprei bodskapen til dei du trur har interesse av det, del villig vekk!




Kommentarer

1 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc