Dagfinn Kaspar Nyhammer

Dagfinn Kaspar Nyhammer

Halvmaraton på søndag?

Postet av Dagfinn Kaspar Nyhammer den 24. Okt 2014

Det vert halvmaraton på Sandane søndag 26. okt. Veret ser ikkje heilt lovande ut, men vi reknar med at dei som er tøffe nok til å springe 21 km, også tåler litt regn.

Start kl 13.00 ved STIL-stova på Sandane, og løypa går langs RV615, forbi Rygg, med vendepunkt litt forbi avkøyrsla til gamle bossplassen (Ivahola).

Drikkestasjon med vatn/saft ved busskuret på Rygg, då kan ein nytte stasjonen både på tur og retur. Har løparane med seg drikke sjølv, tek vi det sjølvsagt med til drikkestasjonen.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline