Så vart det halvmaraton likevel!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 26. Okt 2014

Med det veret som både var meldt, og var ein realitet, hadde vi i Fjellhug/Vereide ikkje venta at nokon kom til å stille på ein halvmaraton i dag. Men skal ein springe 21 km er ein også tøff nok til å tåle kuling og regn.

Helge Hafsås frå Olden var som så mange gonger før den raskaste, og han var svært nøgd med tida si; 1.20,18. Beste tida i år, iflg. han sjølv.

Nr. 2 i mål var Eirik Hellerud frå GFIL/Brodd. Han har berre delteke på ein halvmaraton før, og tidea hans, 1.30,51, er 10 minutt forbetring.

Einar Strand, Olden om inn som nr. 3, med tida, 1.41,24. Ikkje langt bak var vår lokale veteran Jan Erik Roset, GFIL. Han var nogså svært nøgde med tida si, 1.41,56.

Nr. 5 var Sindre Humberset, GFIL/Fj/Vereide, som hadde som mål å kome under 2 timar. God margin; sluttida hans vart 1.52,49.

Biletet: Helge Hafsås, Olden


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.