Kleivane Skisenter, og aktivitetande der framover

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 5. Jan 2015

 Aktivitetar på Kleivane vinteren 2015.

Skiskule/trening tysdagar kl.18.00 – ca 19.30. Fyrste trening tysdag 06.januar : Fristil

Det blir annankvar gong med fristil og klassisk.(kan bli endringar etter kvart)...
Det blir litt skileik for dei yngste og litt meir teknikktrening frå 8-10 år. Det blir delt inn i grupper etter alder og antal, når vi ser kor mange som møter opp.
Oppmodar foreldra til å vere der mens treninga pågår. Det er også lurt å ha med drikke, og kanskje ekstra kle å ha på etter slutt.
Trenarar/aktivitørar: Jonfinn Aske, Sverre Aske, Arne Nesgård, Mari Seim, Johnny Hauge, Øyvind Seim mfl.

Telenor karusellrenn: Dette er lågterskel renn, der alle kan delta. Det bli forskjellige lengder på løypene etter alder. Det blir lagt opp til 4 renn, alle får premie alt etter kor mange renn ein har delteke på til slutt. Ein melder seg på i varmestova på Kleivane før kvart renn. Kr 50.- pr start.

Vi har sett opp føreløpig desse datoane, føl med på heimesida, facebook om et blir endringar. Det blir også i år sett opp «foreldrehjelparar» på renna, og vi håpar de vil hjelpe oss. Satsar også på saft og kake til alle etter målgang.

Her er lista, men det kjem meir info/hjelparliste for kvart renn, so vi oppmodar alle om å følgje med om de er sett opp på heimesida/facebook, og byte med andre om det ikkje passar.

Renn 1: Søndag 11.januar kl.12.00 ( mrk klokkeslett) Fristil
Påmelding i skihytta frå kl.11.00-11.40 (siste frist!!)
Renn 2: Laurdag 17.januar kl.13.00 Klassisk
Renn 3: Laurdag 31.januar kl.13.00 Fristil
Renn 4: Søndag 8.februar kl.13.00 Klassisk

Søndag 15.februar: Kleivanerenn/SFF cup rekrutt: Kl. 12.00 Klassisk stil 
Krinsrenn for Sogn og Fjordane, men vi oppmodar alle som vil og vere med. Frå 7 år og oppover. Påmelding på førehand. Premiar til alle etter rennet.

Lagsrenn/merkjerenn Søndag 1.mars kl.13.00 Fristil.
Ope for alle klasser. Kr 50.- pr start og premie til alle rett etter at rennet er slutt.

Rypeskarrennet er Påskeatfa 4.april. Fristil!

Helsing Fjellhug Vereide IL/skigr Astrid Fjellestad Hauge, 41504566



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc