Fjellhug/Vereide IL - Langrenn

Fjellhug/Vereide IL - Langrenn

Flott Telenor-karusellrenn på Kleivane i kveld.

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 20. Jan 2015

Over 100 deltok på kveldens renn på Kleivane. Flotte løyper og fint veir gjorde dette til ein fin kveld.
Vi beklagar at det tok litt tid med påmeldinga,men det var litt datatrøbbel i starten, og det kom fleire enn berekna ( men det er berre kjekt) so det tok litt ekstra tid. Starten vart vel ca 10min forseinka,men då gjekk det unna i full fart,og dei fleste var vel ferdige iløpet av knappe timen.
Saft og kake vart det til alle i dag og,takk til dei som hadde baka og styrte med utdelinga.
Takk og til dei andre som var med,startarar,løypevakter og tidtakarar.
Neste renn er sett opp til laurdag31.januar. Føl med her på heimesida og Facebook for oppdateringar og hjelpelister.
Dagens resultatlister blir lagt ut når dei er klar



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc