Mini-handball-turnering sist laurdag

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 21. Jan 2015




Minihandball turnering i trivselshallen 17.01, var for gutar og jenter alder 7-9 år. Vi hadde innom 23 lag frå Nordfjordregionen.Det var en kjekk dag, med mykje aktivitet og moro.

Minihandballgruppa er den minste gruppa vi har,så det var ein del utfordringar undervegs. Vi hadde med oss 14 flotte ungdommar som hjalp oss med dømming og sekretariatet: Lea, Mathilde, Sara, Ingrid, Tarjai, Ruben, Sofie, Malin, Håvard, Johan, Ingeborg, Siri, Steffen og Ingvild. Dei gjorde ein fantastisk jobb.

Bjørn Inge Solheim satt i speakar-bua under heile arrangementet, utan han med oss gjennom dagen så kunna det fort blitt litt krøll i de stramme tidsskjemaet vårt.

Vi som arrangørar er fornøgde med dagen og håpar borna og foreldra er det og.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc