Fjellhug/Vereide IL - Langrenn

Fjellhug/Vereide IL - Langrenn

Nokre forandringar på saft/kake lista på rennet laurdag 31/1. Sjekk!

Postet av Fjellhug/Vereide IL - Langrenn den 25. Jan 2015

Telenor skikarusell renn nr 3.
LAURDAG 31.januar kl.13.00

Vi prøvar til med KLASSISK stil denne gongen.

Påmeldinga viser seg å ta lenger tid enn vi har rekna med. Derfor vil vi prøve noke nytt. Dei som er sikre på at dei kjem,melder seg på til Astrid innan kl.11,00 laurdag. Skriv kor gamle deltakaren blir/er i 2015. Hent nr før kl.12.40.
Elles vanleg påmelding (kø) frå 12.00- 12.30 i skihytta.
Kr 50.- pr start.

Hjelparliste

Start: Per og Finn

Mål: Svein Hauge,Arild Nes, Olav Fuglestrand, Jesper Melin Ganc -Petersen, Per Momrak

Løype: Jonfinn, Øyvind, Sverre, Arne Nesgård

Saft(vi har)/kake (de tar med ei platekake oppskoren i passelege stk ):Heidi Solheim, Sissel Ravnestad,Inger Marie Søreide, Siv kvalsvik Haugen

Liten kiosk: Sidan det er laurdag,vil vi prøve med ein liten enkel kiosk, enten inne eller ute. Sal av kaffi,vaffle,pizzabollar. De tar med 25 pizzabollar kvar. vaffelrøre mm ordnar vi.
Inger Lise vereide, Veronica Hauge

Påmelding:Anne Britt, Astrid

Håpar de kan byte med ein kvan om det ikkje passar denne gongen. Send gjerne ei mld om de kan eller ikkje.



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc