Svinestranda Opp; endeleg dato

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

Svinestranda Opp; endeleg dato



Det er no bestemt at Svinestranda Opp går søndag 22. juni 2014.

Start i Sandane Sentrum kl 12.00 for hovudløpet, mosjonsklassane startar kl 10.00

Svinestranda Opp er også i år siste løpet i Sogn og Fjordane-karusellen, der dei to andre løpa er Storehaugen opp i Lærdal, og Hovlandsstølen Opp i Eikefjorden.

Bilete frå 2013: https://picasaweb.google.com/100047958569652779588/SvinestrandlPet2013?authkey=Gv1sRgCIWwlMGp5evaXQ#

Meir om Svinestrand Opp: http://idrett.speaker.no/Organisation.asp?OrgElementID=25786&CatId=984183





Grunnen til at det har vore litt att og fram om arrangementsdato, er kollisjonar med andre motbakkeløp, og ikkje minst kollisjon med Nordfjordrittet på sykkel, terminfesta til 14. juni, som også var datoen vi hadde blinka ut.

Nordfjordrittet engasjerer mange i nærområdet både som aktive deltakarar, og som funksjonærar, at vi trur det vil bli bra for alle partar at Svinestranda Opp går ei veke seinare. Då håpar vi også at langvegsfarande som stiller på Molden Opp i Luster på laurdagen, også kan tenkje seg å vere med på vårt løp om søndagen.

Premieringa i fjor var som du ser nedanfor, og det vert truleg den same i år. Vi jobbar med sponsorar - og det ser lovande ut:

Premiering på Svinestrandløpet









Nedanfor ser du premieringa på fjorårets Svinestrandløp:





Konkurranseklassane:

Vinnarane i dame og herreklassen: 4000,-

Nr 2 og 3: Hhv. kr. 1000,- og 500,-

Tre premiar a kr. 500,- vert trekt ut i konkurranseklassen på startnr.

Vidare er det mange flotte gåvepremiar!

Mosjonsklassen:

3 premiar a kr. 500,- uttrekt på startnr.

Gåvekort

Andre premiar!



Motbakkekarusellen:

Dersom 6 eller fleire fullfører alle tre løpa: Trekking om ein premie a kr. 3000,- og 5 premiar a kr. 1000,-

Dersom 5 eller færre fullfører alle tre løpa: Premiepotten på kr. 8000 vert delt likt mellom dei som har fullført.

Spesial-t-skjorte til dei som har vore med på tre løp!




18.02.2014 21:00



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc