Mars 2013: Heiderspris til Øyvind og Ragnhild

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

Heiderspris til Øyvind og Ragnhild



På årsmøtet i Fjellhug/Vereide vart to heidersprisar utdelte. Ikkje ufortent gjekk dei til dei to engasjerte volleyballtrenarane og -organisatorane Øyvind Indrebø og Ragnhild Gimmestad.

Volleyballgruppa vart oppretta på årsmøtet i 2004, og feira såleis 10-årsjubileum i år. Øyvind og Ragnhild har vore pådrivarar heile tida, og fekk ein velfortent heiderspris for tida dei har brukt, og interessa dei har hatt, for denne idretten i Fjellhug/Vereide il.

Øyvind oppsummerte også under årsmøtet den 10-årige historia for volleyballgruppa på ein god måte. Det er ikkje tvil om at volleyballen har hatt gode leiarar og trenarar i desse åra!










16.03.2014 21:00

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.