Framleis kontinuitet mellom tillitsvalde i laget

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

Framleis kontinuitet mellom tillitsvalde i laget



Det er stor kontinuitet i laget når det gjeld verv i styret og i gruppene. Leiar er på val kvart år, og Terje Gjengedal har sagt ja til å vere leiar også i 2014. Kari Anne Slagstad (kasserar), og Berit Aasebø Hauge (nestleiar) var ikkje på val.

I gruppene går Astrid Fjellestad Hauge (ski), Dagfinn Nyhammer (friidrett), Kjellfrid Åsnes Gloppestad (Trim), vidare også i 2014.

Biletet: Avtroppande gruppeleiarar, frå venstre: Runar Kleppe (valnemnda), Ole Gaute Hovstad (volleyball), Bjarne Hauge (orientering) og Leif Arne Austrheim (økonomi)







Orientering har fått ny leiar; Vidar Eide. For barneidrett, volleyball og handball og økonoomigruppa er ikkje leiarkabalen heilt i mål, men gruppene fekk fullmakt frå årsmøtet til å jobbe med leiarspørsmåla sjølve.

Magne Vereide og Oddrun Slagsad held fram som valde revisorar, medan ny valnemnd består av Vegar Fagerlid (leiar), Vidar Føleide og Kai Arne Svarstad.

Liste over alle tillitsvalde vil med det første kome på heimesidene.


16.03.2014 22:00

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.