Mars 2014: Fram for lagsdrakta!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

Fram for lagsdrakta!



Klubbdrakta vår er flott, og den bør vi alle ha!

Umbro har modernisert kleda litt, og det er m.a. komen ein kvit kant mellom jakke og arm. Drakta er skikkeleg flott! Alle som ikkje har Fjellhug/Vereide drakt i ein eller annan fasong, må gjerne ta seg ein tur innom G-sport.

Klubbdrakt skaper lagkjensle og samhald. Mange lag har flinke aktive og foreldre som set ei ære i å bruke lagsdrakta, sjå berre på Førde, Stil, Brodd og andre.

Dette må vi i Fjellhug/Vereide bli gode på også!



Klubbdrakt, vest og gensarar kjøper ein som sagt på G-sport.



Prisar:

Vest: Senior kr. 479,- Junior: kr 399

Gensar: Senior: kr. 359,- Junior: kr. 319,-

Treningsdrakt/Overtrekk/Klubbdrakt: Senior kr. 799,-, Junior kr 639,-



Fjellhug/Vereide har ein avtale med G-sport ved kjøp av utstyr, spør betjeninga på G-sport eller kontakt oss i Fjellhug/Vereide for meir info. Når du handlar må du gjere merksam på at du er Fjellhug/Vereide-medlem.


17.03.2014 22:00



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline