April 2014: SKULETURNERING I VOLLEYBALL !

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

SKULETURNERING I VOLLEYBALL !





Laurdag 26. april arrangerte Fjellhug Vereide den årlege skule turneringa i Firdahallen.

Det var 10 lag påmeldt, noko vi var nøgd med , då det var andre arrangement rundt om.

Bilete: Vinnarane av skuleturneringa; Nordstranda





Det var ialt 60 born i aktivitet på volleyballbana denne dagen.

Alle laga spelte 4 innleiande kampar på 10 minutt. Deretter var det finalar, som vart spelt som 3 setts kampar.



I bronsefinalen møttes 2 lag frå Breim skule. Her vann Breim 3, og fekk 3.plassen.



I finalen kjempa Nordstranda mot Breim 1. Nordstranda vann til slutt 2 -0 i sett. Gratulere med 1.plassen.

Gratulere og til alle dei andre som var med og spelte ! Flott innsats



Takk og til alle de som stilte på og hjelpte til, hadde vorte vanskeleg å arrangere turneringa utan dåkke





- volleyballgruppa-


28.04.2014 23:00

0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline