april 2014: Friidrettsskulen sommaren 2014

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 28. Jan 2015

Friidrettsskulen sommaren 2014





Vi planlegg Friidrettsskule også i år. Det vil bli på Idrettsplassen torsdagar, og med oppstart torsdag 22. mai kl 17.00.

Vi ber også om påmelding, slik at vi kan planlegge opplegget med instruktørar m.m. Påmelding til Dagfinn innan torsdag 15. mai. Ver bra og hald fristen! dagfinn.nyhammer@enivest.net



Friidrettsskulen er for born 7-13 år. Dvs dei som er fødde 2001 - 2007.

Opplegget vert omlag som sist haust: Friidrettrelatert leik og aktivitetar for dei på 7, 8, og 9 år, medan det vert meir øvingsrelatert når borna er 10 år og eldre.

Treninga varer ca 1,5 time.

Hugs påmeldingsfristen!

Og så:

Dette er meint å skulle vere eit trenings-/læringstilbod for borna i Fjellhug/Vereide. Vi må difor setje litt krav om at dei borna vi brukar trenarane si tid på, er med på dei premissane som ein treningstime set. Både i fjor, og i vinter innandørs, såg vi at nokre er der berre for "å tulle og tøyse". Då vil vi forbeholde oss retten til å sende dei heim, sidan slikt også virkar veldig forstyrrande inn på dei som oppfører seg bra.

Vi meiner det kan vere greitt at foreldra snakkar litt med borna om dette på førehand. Vi understrekar at vi legg lista på dette området høgt, og kjem til å tolerere ein del, men når ting utartar, vert det ikkje så veldig moro korkje for born eller dei vaksne som hjelper til.




03.05.2014 11:00



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline