Dato for Svinestranda Opp er bestemt

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Feb 2015





Etter litt att og fram om arrangementsdato, har vi kome fram til arrangementsdato for Svinestranda Opp 2015. Den vert søndag 21. juni, med start for hovudfeltet kl 12.00 i Sandane sentrum.

Dette er dagen etter Molden Opp i Luster, men med mange motbakkeløp i fylket, er det nesten uungåeleg med nesten-kollisjonar. Vi veit også frå i fjor at fleire deltok på desse løpa dag-etter-dag, og håpar det også vil bli slik i år.

Det er også mange motbakkeløparar i Nordfjord, Sunnfjord og på Møre som ikkje reiser til Luster, slik at vi trur at vi også i år vil få god deltaking.

Også i år vert det motbakkekarusell, med litt andre arrangørar enn tidlegare. Eid Il (Trollenyken Opp) går søndag 14. juni, og Bremanger il, med Veten-løpet frå Grotlesanden er det tredje løpet i SFE Motbakkekarusell.

Meir stoff kjem snart!


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline