Styremøte i Fjellhug/Vereide il

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 18. Feb 2015




Onsdag kveld var det styremøte i Fjellhug/Vereide, der ein brukte tida på å førebu saker til årsmøtet. Årsmøtet er søndag 22. mars.

Rekneskapen viser eit underskot på ca 30 000, noko som har si årsak i at basaren ikkje vart arrangert før etter årsskiftet, og såleis ikkje er med på 2014-rekneskapen. Gruppene har jamt over hatt god aktivitet, som også viser igjen i grupperekneskapa.

Fristar i samband med årsmøtet:

  • Gruppene må vere ferdige med sine årsmeldingar innan 27. februar.
  • Budsjettet må vere klart til 27. februar
  • Årsmeldinga må vere klar for utlegging på Sporten innan 6. mars
  • Frist for å kome med saker til årsmøtet: 13. mars
  • Årsmøtet skal annonserast innan 8. mars.
Styret foreslår uendra kontingent for 2015. Kontingentane finn du her på heimesida (til høgre på hovudsida)

Det vart avgjort kven som får heiderspris og innsatspris, og prisane vert som vanleg delt ut på årsmøtet.

Rapport frå gruppene:
  • Volleyball: Håpar å få til ein instruksjonskveld med trenarar frå Førde. Elles god aktivitet.
  • Skigruppa: Det har vore svært stor aktivitet i vinter, sida snøforholda har vore så bra. Skikarusell med 165 ulike deltakarar, krinsrenn med 120 deltakarar.det skal bli lagsmeisterskap med litt uortodokse øvingar 7. mars, Rypeskarrenn påskeafta dersom snøen framleis ligg. Det er kjøpt inn ny snøskuter, og ein har hatt ein del trøbbel med trakkemaskina. Her har m.a. Birger Berge og Magnar Solheim gjort ein fenomenal dugnadsinnsats for å halde den i gang
  • Friidrett: Trening for born saman med STIL. Det er bestemt dato for Svinestranda Opp: 21. juni.
  • O-gruppa: Til sommaren har ein teke på seg KM Langdistanse, som er tenkt lagt til Engesetåsen.
  • Trimgruppa: Innetrening på Nordstranda skule, og mange noterer seg i fjelltrimbøkene.
  • Handball: God aktivitet, litt få utøvarar. To treningar for veka. Har arrangert minihandballturnering.

Biletet: Styret i Fj/Vereide: frå venstre rundt bordet: Vidar Eide (o-gr.), Kjellfrid Gloppestad (Trim), Britt-Anita Gimmestad Vik (handball), Berit Aasebø Hauge (nestleiar), Terje Gjengedal (leiar), Kari-Ann Skrede Slagstad (kasserar), Ragnhild Gimmestad (volleyball), Anders Gloppestad (økonomi), Astrid Fjellestad Hauge (ski), Jannicke Lindvik (barneidrett). Dagfinn Nyhammer (friidrett) var fotograf..


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.