Else Margrethe Larsen ny leiar i Fj/Vereide

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Mar 2015




Terje Gjengedal (biletet) takka av etter tre år som leiar i Fjellhug/Vereide il. Han flyttar no tilbake til Oslo, og overlet dermed leiarklubba til Else Margrethe Larsen, som bur på Vereide.

Dermed er det reint kvinnestyre i laget! Med seg som nestleiar har Else Margrethe den attvalde Berit Aasebø Hauge. Kari Ann Skrede Slagstad vart også attvald som kasserar.

Dette skulle vere eit flott trekløver til å leie Fjellhug/Vereide vidare, som ein god og aktiv klubb for born og ungdo, samt vaksne, på Nordstranda




0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline