Innsatsprisar til Birte og Sara

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Mar 2015




Birte Eilander og Sara Helen Fuglestrand fekk diplomar og gåvesjekkar for fin-fin innsats for volleyballen i Fjellhug/Vereide gjennom fleire år. Innsatsprisen går til ungdom som har utmerka seg ut over det vanlege.

Jentene fekk kjempeflott omtale av Bodil og Ragnhild i volleyballgruppa for gode idrettslege kvalitetar, insitament og iver på trening og kampar, og for å ta tak også som administratorar. Sjølv om dei no kanskje reiser frå kommunen for å gå vidare på skule, håpa volleyballgruppa at dei vil kome tilbake til laget seinare

Biletet: Bodil Hammersland, Ragnhild Gimmestad, Birthe Eilander, Sara Helen Fuglestrand og avtroppande leiar i Fj/V Terje Gjengedal.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline