Rypeskarrennet 2015 - Ein opptur!

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 4. Apr 2015




Etter nokre år med nedgang i deltakartale, og med avlyst renn i 2014 pga snømangel, vart årets Rypeskarrenn ein opptur for Fjellhug/Vereide il. Ca 600 deltok, av desse 54 i konkurranseklassane.

Nydeleg ver, smøreservice frå G-Sport, med Olin Henden i spissen, godt skiføre, og mykje blide folk. Rett og slett påskestemning! Resultatlista finn du under "Resultat" på menyen over.

Under "Galleri" er det lagt inn ein del bilete frå rennet.





0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline