Innbyding til Svinestranda Opp

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Apr 2015




SVINESTRANDA OPP 2015

Fjellhug/Vereide il inviterer til Svinestranda Opp 2015.Arr.dato vert søndag 21. juni, og hovudstarten er kl 12.00, i Sandane sentrum.

Mål for alle er toppen av fjellet Svinestranda, 1074 m.o.h., distansen er er ca 7 km lang.

Praktisk info:

  • Svinestranda er løp nr. 2 i SFE Motbakkekarusell
  • Konkurranseklassen: Alle som startar frå Sandane skal ha ryggsekk på min. 2 kg
  • Startkontingent kr. 200 for hovudløpet, kr. 100,- for dei som er under 15 år. Kr 50,- (20,- 14 år og yngre) for mosjonistar/trimmarar utan tidtaking.
  • Start for <15 år vert på Austrheimsstøylen, og starten går kl 12.00
  • Start for M/K veteran 60 og eldre går frå Sandane sentrum kl 11.30
  • Start elles er kl 12.00 frå Sandane sentrum
  • Mosjonistar kan velje om dei vil gå frå Sandane til Austrheimsstøylen/toppen, køyre opp på Kleivane, og gå der frå, eller starte på Austrheimsstøylen og gå til toppen.Alle registrerer seg på Austrheimsstøylen, enten ved ankomst eller start.
  • Etter løpet/premieutdelinga vert det køyrt bilar ned att frå Austrheimsstøylen
  • Premieutdeling ca kl 15.15, på Austrheimsstøylen
  • Premiering

    • Sjekk kr. 4000 til vinnar i dame og herreklassen
    • Sjekk kr. 1000 til nr. 2
    • Sjekk kr.500 til nr. 3
    • Elles 1/3 premiering, samt uttrekking av pengepremiar og fine gevinstar på startnummer (gjeld både for konkurranse- og trim-klassen)
  • Helst bør det vere førehandspåmelding sendt til dagfinn.nyhammer@enivest.net innan onsdag 17/6. Påmeldingar kan også gjerast fram til 1 time før start mot tilleggsavgift kr. 50,-.Hugs årslisens, eller eingongslisens (kr. 30,-)
  • Startpengar kan innbetalast til 3710.30.87512
  • Kontaktpersonar: Birger Berge 90175252,el. Dagfinn Nyhammer 41227968
Helsing

Fjellhug/Vereide il

NB: Løpet er det andre i SFE Motbakkekarusell, der første løpet er Trollenykjen Opp på Nordfjordeid, og det tredje løpet er Vetenløpet i Bremanger. Her er 8000 kroner i premiar som skal fordelast mellom nokre av dei som fullfører tre løp

Image result for sfe SFE Motbakkekarusell






0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline