KM terrengløp, og 2. runde i Nordfjordkarusellen

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 6. Apr 2015




KM Terrengløp-2. runde i Nordfjordkarusellen


Fjellhug/Vereide inviterer til KM i terrengløp på Sandane.Dette er også samstundes 2. runde i Nordfjordkarusellen.

Løypa går i den velkjende trasèen i Åsen (barkeløypa), ei lettkupert løype, der ein runde er 1800 m.Det er ulike distansar alt etter klasse.

Dato og tidspunkt:Søndag 19. april. Hovudstart er kl 14.00. Det vert start for eit miniløp for born kl 13.30.

Klassar og distansar:

  • G/J 13 og 14 år:600 m

  • G/J 15 og 16 år:1200 m

  • G/J 17 og 18 år, menn junior, og kvinner jr/sen/vet: 1800 m

  • Menn sen/vet: 3600 m

Påmelding: Helst på førehand, innan fredag, på epost til dagfinn.nyhammer@enivest.net .Også påmelding fram til 1 time før start, mot ei tilleggsavgift.

Startpengar:

  • 13-14 år: kr. 50,- (ikkje eingangslisens i desse klassane)

  • 15 år og eldre: kr. 100,- ved førehandspåmelding. (Ved påmelding løpsdag: kr. 30,- i tillegg. Eingongslisens kr. 20,- for dei som ikkje har heilårslisens)

Garderobar: Det er diverre ikkje garderobar ved løypa. Næraste er i Trivselshallen (Firdahallen), der ein får nytte garderobar og toalett.

KM-medaljer til dei tre beste i kvar klasse, uttrekking av gåvekort i Nordfjordkarusellen.



Miniløp

Vi arrangerer også eit mini-terrengløp for born 12 år og yngre.
Korte distansar for dei aller yngste, og ca 400 m for 8-12 år.
Miniløpet startar kl 13.30, og påmeldingane må vere gjort før kl 13.00.


Startpengar:kr. 30,-


Påmelde inntil fredag kveld kl 21:

MV45-49 1 Claus Guttesen BBIL
KS 2 Linda van Hulst BBIL
J13 3 Kaya van Hulst BBIL
J15 4 Lune van Hulst BBIL
J14 5 Safien van Hulst BBIL
MV45-49 6 Ulf-Magne Eikås Stryn
G14 7 Nikolai Dispen Lødemel Hornindal
MV35-39 8 Svein -Arne Lødemel Hornindal
MV65-69 9 Dagfinn Nyhammer GFIL
MV70-74 10 Magne Tystad GFIL
MV50-54 11 Henry Hammersland GFIL
MV35-39 12 Merete Helgheim GFIL
MV40-44 13 Jann Olav Tjønneland Viksdalen
MV40-44 14 Marcus Kemp Vedeler Eid
MS 15 Eigil Instebø GFIL
16 Sindre Humberset GFIL

Her kjem nok fleire i dag og i morgon; dei som er påmelde før laurdag kveld kl 24, sparer kr. 30,- i startpengar!








Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline