Sak til ekstraordinært styremøte 30/4-15

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 22. Apr 2015




Det er tidlegare kunngjort innkalling til ekstraordinært årsmøte, slik:

"Det vert kalla inn til ekstraordinært årsmøte i Fjellhug/Vereide il torsdag 30. april kl 19.00 på SFE

Sak: Evt. å opprette handballgruppa igjen, etter at den vart lagt ned på det ordinære årsmøtet.

Det vil verte gjeve litt meir saksorientering på eit seinare tidspunkt.

-styret i Fjellhug/Vereide il-"


Sak:
- Opprette den nyleg nedlagde handballgruppa

Saksnotat:

På årsmøtet til Fjellhug/ Vereide i mars informerte handballgruppa at dei dessverre ikkje hadde klart å skaffe folk til styret i handballgruppa. Dette på trass av at vi hadde sendt ut eit brev til alle foreldre til born på Nordstranda skule (med unntak av 1. kl). I brevet oppmoda vi foreldre til å melde seg, då det var 4 stk som skulle ut av handballgr. Det vart opplyst om at det kunne vere fare for at heile gruppa vart nedlagt om vi ikkje fekk nye personar inn i styret.

Handballgruppa har hatt ein del utfordringar i året som har gått. For det fyrste har laga vore i minste laget, så det har vore sårbart i forhold til kampar. Det kan og vere vanskeleg å få til gode treningsøkter når ein blir for få på treningane. For det andre har ein del foreldre meint at tida er mogen for meir samanslåing, slik at ein kan vere fleire å spele på både på trenar og dugnadsida.

På årsmøtet sa vi at vi såg for oss ei samanslåing med Stil ev at GHK kan organisere spelarar frå 12 år og opp.

Så dette førte altså til å vi på årsmøtet vedtok at handballgruppa blir nedlag,t og hovudstyret i Fjellhug/Vereide tek kontakt med Stil, slik at spelarane framleis kan drive med idretten.

Etter årsmøtet vart laget kontakta av nokre som ikkje har vore direkte spurt om å sitje i gruppa. Dei hadde til og med meldt si interesse utan at handballgruppa har fått beskjed. Det er veldig positivt at dei stiller opp og held fram med å skape eit godt handballtilbod for spelarane våre.

Det blir halde ekstraordinært årsmøte den 30.4 og då stemmer vi om følgande vedtak:



Vi ønskjer å gjenopprette handballgruppa i Fjellhug/Vereide. Hege Roth-Andenæs blir leiar, Ingrid Gimmestad blir nestleiar, Unni Aske Vereide blir styremedlem. Arvid Gimmestad vara.


På vegne av handballgruppa i Fjellhug Vereide


Britt-Anita Gimmestad Vik

22.04.2015












0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline