Snart tid for Senter-løpet

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 25. Apr 2015




Torsdag 7. mai er det tid for det årlege Senter-løpet i Sandane sentrum. Distansen er 140 m på "Den røde løparen", og vi har også eit mini-gateløp fro 12-åringar og yngre.

Første start er kl 18.30, og premieutdeling er på Sandane Senter etter arrangementet, ca kl 19.30.

Butikkane har langope, så Fjellhug/Vereide il ser fram til ei triveleg kveldsstund med friidrett, midt i sentrum!

Premieringa i Senter-løpet er som vanleg sponsa av butikkane i Sandane Senter, og det er verkeleg fine gåvesjekkar som vert trekt ut på startnummer.

Beste tid på brusteinen i fjor hadde GFIL sin Vidar Hatlem, med 17,4 sekund. I år kan kanskje Robert Andrè Moldestad eller andre utfordre Hatlem? Best mellom jentene var Sandra Kleppenes Sårheim, med tida 20,4.

Senter-løp-rekordane er det Ørjan Midthjell (16,6) og Ingrid Hjelle Roset (19,6) som har.

















Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline