Senterløpet: Ingrid Hjelle Roset berre ein tidel frå løyperekorden

Postet av Fjellhug/Vereide IL den 7. Mai 2015




Ingrid Hjelle Roset var berre tidelen bak sin eigen løyperekord i det tradisjonelle Senterløpet som Fj/Vereide arrangerte onsdag kveld. Vidar Hatlem vann guteklassen berre to tidelar bak Ørjan Midthjell sin framleis eksisterande rekord.

Det vart svært god deltaking mellom dei yngste under årets Senterløp. Om lag 65 i alder 2 til 12 år var med, medan dei frå 13 år og oppover glimra i stor grad med sitt fråver. Berre 13 løparar stilte til start i desse klassane. Det er skuffande at så få av eit trass alt brukbart løpsmiljø i kommunen vel å ikkje stille opp på eit lokalt arrangement.

Når det er sagt, er det veldig bra at vi samla så mange av dei yngste. I resultatlistene er det truleg ein del feil i klassane. Dette skuldast delvis at foreldre er unøyaktige når dei fortel alder på den dei melder på, dels at foreldra "ikkje veit" kor gamal barnet er, og dels at vi som arrangør har notert feil årstal. Dersom nokon finn feil, er det flott om dei melder frå til dagfinn.nyhammer@enivest.net , så skal vi i alle fall få det rett i lista som går til krins/forbund.
Resultata finn du HER (nokre bilete finn du under Galleri, takk til Birgith Hj. Roset for tilsende fotos)



Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline